Nå har me ope – og du kan hjelpe

Me er så glade for at me nå får lov å ha ope for publikumsbading igjen, frå 16. april. Det betyr jo at me får treffa dykk alle saman! Nå håper me at du vil hjelpa oss så me kan ha ope på ein trygg og forsvarleg måte.

Slik vil me gjera det framover:

·         Måndag til fredag treng du ikkje reservera plass. Laurdag og søndag må du reservera plass, anten du har årskort eller vil kjøpa billett. Det gjer du på suldal-bad.no.

·         Ser det fullt ut i inngangspartiet set me pris på at du ventar litt ute. Me er sjølvsagt også med og passar på dette.

·         Når du kjem, må du gå til luka og kjøpa billett. Er de fleire saman, ventar følgjet medan éin ordnar opp.

·         Har du årskort, treng du ikkje gå til luka. Gå berre rett bort til porten og skann brikka di.

·         I garderoben kan det vera 10 av gangen. Det same gjeld i dusjen.

Det som hjelper ALLER MEST er:

·         God avstand

·         God hygiene

·         Ikkje kom viss du er sjuk eller i karantene

Me på Suldal bad har rutinar for smittevernstiltak som me er glade for å dela med deg, viss du ønskjer det.

0