Hjelp oss halde Suldal Bad ope

Våre koronavettreglar

Av smittevernomsyn er det svært viktig at alle gjester set seg inn i våre koronavettreglar.
Suldal Bad som badeanlegg har ei smittevernfagleg forsvarleg drift. Med smittevernfagleg forsvarleg drift meiner me at verksemda sørger for at besøkjande og personell kan halde dei generelle smittevernstiltaka. Det betyr å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand, at verksemda har utarbeida rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at rutinane blir haldne.
(Krav er heimla i FOR-2020-03-27-470- Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften) § 15b (lovdata.no))

Våre Koronavettreglar:

Generelt

  • Me opnar for maks 140 gjestar 
  • Pga corona er det sett ei tidsbegrensing på 2 timer.  
  • Avstandsmarkering og informasjonsmateriell er plassert på ulike plassar i anlegget. 

Formålet med råda er å redusera risiko for smitte med covid-19.  Våre tiltak:

  • God hygiene
  • Sjuke personar held seg heime
  • Hald 1 meter avstand dermed redusert kontakt mellom personar.  
  • Personar frå same husstand eller kohortar ( skuleklassar /barnehagar kan vera saman. )
  • Sprit hendene på veg inn og ut av anlegget og garderobar. 
  • Dusj naken og bruke såpe.

 
Fellesområde

  • Sprit hendene. Det vil stå spritdispenser tilgjengeleg for gjester  i fellesområde, ved inngang og vestybylen (kafearealet). 
  • Hald 1 meter avstand.  
  • Begrensa antall personar sittande i kafeen er 20. Familie kan sitte rundt same bord. 
  • Ved vendekorset er det skilt, både ved inngang og utgang, med beskjed om å ikkje ta på scanneren men kun bruka armbandet.  

Skranke (billettsal) 

  • Me tek ikkje imot kontanter 
  • Alle må bruke kort (kontaktløs betaling), Vipps eller armband 
  • I badebutikk vår må du unngå å ta på varer du ikkje har tenkt å kjøpe 
  • Alle armband vert desinfisert etter bruk 

Garderobar/dusjer 

  • Hald 1 meter avstand til andre badegjester.  
  • Dusj grundig utan badetøy og bruk såpe. 
  • Garderobar og dusjene vert ofte vaska av våre badeverter   
  • Annankvar garderobeskap er låst digitalt av resepsjon og me oppfordre gjester som kjem som familie til å bruka same garderobeskap 
  • Døra frå garderobe og inn til dusjen skal alltid stå open. 
  • Alle dusjane har 1 meter avstand og kan difor brukast, men hugs: Hald AVSTAND! 

Svømmehall 

Klorvatn desinfiserer så det er trygt å bade, men det er viktig å fortsatt halda avstand. I enkelte områder er det sett ein begrensing på antall badande gjester.

  • Boblebadet maks 4 personar og maks 10 pr gong 
  • Badstova maks 5 personar  
  • Terapibadet ca 30 personar 
  • Barnebasseng ca 10 personar. 
  • Ingen utlån av badeleiker og anna utstyr. 

Kafe

  • Vår kafe følgjer dei gjeldande krav til kafeer som gjeld her i kommunen.  
  • Me tek ikkje imot kontanter 
  • Alle må bruke kort (kontaktløs betaling), Vipps eller med armband 
  • Det er ingen sjølvbetjening av slurpmaskinen  
  • Bord og stolar er plassert med 1 meter avstand som ikkje skal flyttast på

Reinhald

Forsterka reinhald av garderober og kontaktflater igjennom heile dagen med fokus på berøringspunkt og overflater (dørhandtak, toalettseter, kraner, dispensere, benker, garderobeskap). 

Anna

  • Rett deg alltid etter badevertens anvisning og ver raus med alle du møter i anlegget. 
  • Personar som bevisst bryt våre reglar eller som ikkje rettar seg etter dei tilsette sine anvisningar vert utvist. 
  • Hugs bading er under eige ansvar. 
0 0