Rein glede - dusj naken

Dusj naken, ja!  Det er vår oppfordring til deg.

Litt på kanten, tenker du kanskje?

 

Me oppfordrar alle våre gjester om å dusja naken fordi:

  • 1 som ikkje dusjar naken, tek med seg like mykje bakteriar som 99 som dusjar nakne.
  • Det er vanskelegare å få vekk såperester frå badedrakta enn frå kroppen.
  • Klor skil ikkje mellom skitt, såpe eller sminke. Jo reinare du er når du går i bassenget, jo mindre klor blir aktivert.
  • Ved å vera gullande rein når du badar, tar du omsyn til alle.

 

Rein glede = badeglede

I desse dagar har me ein kampanje som fokuserer på REIN GLEDE og DUSJA NAKEN. Målet med kampanjen er å bevisstgjera kvarandre, altså tilsette og gjester, slik at me kan passa på oss sjølve og kvarandre. Me på Suldal Bad ønskjer dessutan å synleggjera våre eigne rutinar for reinhald og hygiene.

 

Dette kan du gjera

Mantraet vårt er "vask, skyll & bad". Med det meiner me:

  1. Vask deg godt før du badar: Fjern sminke, vask håret og heile kroppen, og dusj naken.
  2. Skyll av alle såperester.
  3. Ta på reint badetøy og slå deg laus i bassenget!

 

Bade med baby

  • Babyar må også vaska heile seg før bading.
  • Bleiebarn må bruke badebleie. Det får du gratis hjå oss.
  • Bleiebarn må også ha badebukse utanpå badebleia.

 

Klor

Klor tilset me i vatnet for å drepa bakterier, slik at alle skal få ei så rein badeloppleving som mogleg. Det er mange som ikkje tålar klor særleg godt, og huden vår er ikkje veldig glad i klor. Klor er dessutan dyrt og ikkje bra for miljøet. Alt og alle er derfor tente med at me held bruken av klor på eit minimum. Reine kroppar, fri for såpe, skitt og sminke, aktiverer lite klor i bassenget.

 

Vårt løfte til deg

Me gjer vårt ytterste, kvar dag, for at du skal få reine, trygge og glade opplevingar på Suldal Bad! Her på Suldal Bad ønskjer me å vera opne og transparente i all vår drift. Du kan når som helst spørja oss om våre reinh

0