Sommartider på Suldal bad

Kom og bli med på sommarmoro for heile familien på Suldal Bad! I sommar har me ope tysdag til søndag frå 12.00 til 18.00*. 

Sommaropningstidene gjeld 27. juni - 13. august. Måndagar er det heilt stengt i sommar.

Vårt eige badeland har noko for alle aldrar og interesser. Slepp laus den barnlege badegleda i våre vannsklier og basseng. Dei minste vil elske det trygge leikeområdet - og det vil garantert foreldra også! På Suldal Bad har me kjempesklie (65 meter), stupetårn, klatrevegg og alt det aktive hjarta kan begjæra.

Mat og drikke

Ein småsvolten unge vil finne småmat, is og snacks i kaféen vår. For den vaksne er det ordentleg baristakaffi - og ungdommane på jobb lagar ein killer softis! Kaffi og småmat kan nytast inne ved bassengkanten, inne i foajeen eller ute i friluft under sola! 

Inne og ute

Ute er det også mogleg å slå seg laus med strandleiker du kan låne av oss, fotball, sandvolleyball og frisbeegolf. Og du - me har geiter som beiter rundt badet. Dei må du helsa på!

Reserver plass

Frå 22. juni kan du reservere plass for sommaren. Me anbefalar at du bestiller, og det er gratis. Reservasjon for sommaren.

Barnevennleg på Suldal bad

  • Gratis inngang for barn under 3 år
  • Gratis badebleie til dei minste (NB - dei må ha badetøy utanpå)
  • Familiegarderobe

*Du må vere oppe av bassenget 17.30.

0