Suldal Symjeskule hausten 2021

Nå startar vi opp att med symjeskule i Suldal Bad!

Symjeskule hausten 2021 er eit tilbod til deg som går i 1. 10. klasse. De vil bli delt opp i to aldersgrupper som igjen vil bli delt etter nivå.  Symjeskulen er for deg som ønskjer eit supplement til den symjeundervisninga de får i skulen.

Aqua kids 1. - 7. klasse: For dei yngste vil det vera fokus på vanntilvenning, framdrift og dei 4 symjestilane, samt vannpolo, stup og livredning. 

Aqua teens - 8. - 10. klasse: For dei eldste satsar me på aktivt treningsfellesskap for ungdom. Det blir fokus på mesitring og progresjon, miljø og samhald. Deltakarane skal prøve andre aktivitetar og idrettar, i tillegg til svømming, stup, vannpolo og synkronsvømming. 

TIMEPLAN
Symjeskulen er på onsdagar. 10 gonger med 60 minutt i bassenget.
Datoar: 20/10, 27/10, 3/11, 10/11, 17/11, 24/11, 1/12, 8/12, 15/12, 18/12 (laurdag)

KLOKKESLETT
15.00 - 16.00 8. - 10. klasse Aqua teens
16.00 - 17.00 1. - 7. klasse Aqua kids
Kurset vert avslutta med oppvisningsstemne 18. desember 

PRIS
- Kr 1250,- utan årskort
- Kr 1000,- med årskort
- Kr  800,- (som søskenrabatt )

Meld deg på http://event.webbillett.no/suldal/ og betal i skranken

0