
03/02/2022
Suppama for familie
Bli med på kjekk og allsidig trening i vatn - for familien!
Suppama for familie går torsdagar* kl 17.30 – 18.15. Her får du utfordra heile deg med latter og konsentrasjon, styrke, balanse og kondisjon på ein litt annan måte.
PRAKTISK:
- Kun 10 plassar ledige kvar gong.
- 1 plass = 1 vaksen + 1 barn eller 2 barn med 1 vaksen til stades for tilsyn.
- Alder barn: 7-15 år.
- Alle som deltek må vere svømmedyktige og trygge i vatn.
PRIS:
Dette er gratis for dei med årskort og klippekort på Suldal Bad, og elles inkludert i badebilletten for dei som kjøper enkeltbillett.
PÅMELDING:
Det blir familiesuppama på torsdagar, og du må melde deg på kvar gong. Påmeldinga opnar fortløpande.
*Datoar for suppama familie:
10.+ 17. + 24. februar
(ikkje i vinterferien)
10. + 17. + 24. + 31. mars
7. april = siste gong.