
03/02/2022
Suppama for vaksne
Suppama = lystbetont trening på brett! Bli med, då vel!
Tren styrke, balanse og kondisjon på Suppamabrett. Alle kan delta - men du må vere svømmedyktig og trygg i vatnet.
PRAKTISK:
Suppama for vaksne er tysdagar mellm 18 til 18.45. Maks 10 personar - så her gjeld det å hive seg rundt.
PÅMELDING TIL SUPPAMA:
Du MÅ melde deg på her. Plassane blir lagt ut vekentleg.
DATOAR:
Det blir suppama desse datoane (og du må melde deg på kvar gong):
8. + 15. + 22. februar
(ikkje i vinterferien)
8. + 15. + 22. + 29. mars
5. april = siste gong
PRIS:
Dette er GRATIS for dei med årskort og klippekort på Suldal Bad, og elles INKLUDERT i badebilletten for dei som kjøper enkeltbillett.