Svømmeskule for barn og vaksne

Suldal Bad har ein ambisjon og eit inderleg ønske om at alle i Suldal skal kunne symje. Me er derfor veldig glade for igjen å kunne tilby svømmeskule for barn og vaksne.

Svømmeskule er eit tilbod til deg som går siste året i barnehagen (årgang 2018) og deg som går i 1.-6. klasse. I tillegg tilbyr vi crawlekurs for vaksne.

For dei yngste vil det vera fokus på vass-tilvenjing, medan det for dei eldste vil vera fokus på framdrift og dei 4 symjestilane, samt vasspolo, stup og livredning.
Me introduserer crawl og ryggcrawl som første svømmeteknikkar.


TIMEPLAN - svømmeskule

Svømmeskulen startar 3. januar 2024 og varar til og med 31. januar, sjå datoar nedanføre. Svømmeskulen varar 45 minutt for dei yngste og 60 minutt for dei vaksne.
Datoar:

  • Onsdag 3.1
  • Onsdag 10.1
  • Onsdag 17.1
  • Onsdag 24.1
  • Onsdag 31.1


KLOKKESLETT

Årgang 2018: 16.00 - 17.00 (Max 12.plassar) 
Årgang 2018: 17.00 – 18.00 (Max 12.plassar) FULLT
1.-6. trinn: 18.00 - 19.00
Crawlekurs for vaksne: 19.00-20.00


PRIS

Barnekursa: 1200,- per person
Crawlekursa: 1500,- per person


PÅMELDING

Bindande påmelding på https://suldal.actorsmartbook.no/


Praktisk informasjon - svømmeskule

Dei yngste må ha følgje av ein vaksen viss dei treng hjelp i garderoben eller er utrygge med å vera i bassenget aleine. Den vaksne skal ikkje vera med i bassenget, men kan vera i kaféområdet eller på annan måte være tilgjengeleg. Instruktørane vil føre tilsyn i garderobane, men foreldra må hjelpe viss barnet må ha hjelp til omkleding og dusjing.

Crawlekurs - nybegynnar

Dette kurset passar for deg som vil lære deg crawl! I løpet av kurset vil deltakarane oppnå betre evner til å crawle. Me begynner i det små med enkle øvingar som vil resultere i betre kontroll i vatnet, noko som er viktig når du skal svømme crawl. Me byggjer opp crawlsvømminga utover i kurset. Linje, stabilitet og pusting vil vera nøkkelmoment me skal trena på. Kurset føregår i basseng. Du kan ikkje stå i botnen, så du må kunne litt brystsvømming før du melder deg på dette kurset. Kurset går over 5 gangar 60 min.

Instruktørar:
Jens Marcussen, Peder Solvang, Eli Håker Erfjord og Suldal bad sine instruktørar.

0