Trene i sommar

GLADNYHEIT: Skulen er slutt, ferien er i gang, og du får ikkje trent ... Men vent - jo! Me har ei gladnyheit til deg!

Sjølv om Suldalshallen og sandhallen er stengt for sommaren, har me fått lov å ha styrketreningsrommet ope tre timar kvar dag. Det er strenge reglar, men eit supergodt tilbod :

For å få lov å trena, må du senda ein søknad til post@suldal-bad.no. Viss du er betalande medlem i eit idrettslag som har vakthald i Suldalshallen, er betalande medlem i Sand IL, eller tar ei utdanning som krev at du trenar, så skriv det i søknaden. Dette opplegget er spesielt for dykk! Du kan ikkje begynne å trene hjå oss før du har fått svar på søknaden din.

  •  Maks treningstid = 1 time.
  • Maks antal personar som trenar samtidig = 3.
  • Alle må vaska apparata etter seg.
  • Me set fram 3 reingjerings-kit. Når du kjem tar du eit kit med deg. Når du går må du setta kittet tilbake på plass.
  • Det er ikkje mogleg å reservera plass. Når du kjem til styrkerommet, så vil du sjå om det står reingjerings-kit på bordet. Gjer det ikkje det, er det fullt. Då må du venta på tur.
  • Det er berre dei som trener som har lov å opphalda seg i treningsrommet. Dei som trener har ikkje lov å ha med gjester.
  • Treningsromma og toaletta blir reingjort 1 gong dagleg.
  • Dette er eit opplegg som baserer seg på gjensidig tillit. Treningsromma er ubemanna i sommar. Som brukar av treningsrommet vil du ha eit personleg ansvar for det som skjer på ditt skift.
  • Treningsrommet vil vera tilgjengeleg frå og med måndag 28. juni til og med søndag 8. august mellom kl. 9 og 12.
  • Dette er gratis.


Helsing Suldal bad & idrett

0