Velværekveld for damer

Dempa musikk - levande lys - velvære frå topp til tå - berre for damer (18+). Velkommen til VELVÆREKVELD tysdag 15. november klokka 19.00. NB - Ny frist!

PROGRAM

19.00 Dørene opnar: Velkommen til Suldal Bad
19.15 Yoga på bassengkanten* med Veronica Warhaug. Yogaen passar for alle.
20.00 Servering av fingermat og litt i glaset. Me har invitert tre lokale terapeutar som demonstrerer sine tenester og tilbod heile kvelden. Det blir også høve å handla gåvekort og produkt hos dei. Du kan bruke terapibassenget, boblebadet, hovudbassenget og badstova så mykje du vil. Gavinba har ein liten stand. Du får med ein goodiebag heim.

Sjekk ut Facebook-konkurransen vår!

PÅMELDING OG PRIS

Pris: 495,- per person. Det inkludererer inngang, yoga og bevertning, og du kan vera heile kvelden. Bindande påmelding innan 11/11 kl. 12 på suldal-bad.no. Maks antall: 40 personar.
Og hugs: Berre for damer over 18 år.

 

PRAKTISK INFO

Ha med badetøy og handkle som vanleg. Skal du vera med på yoga, må du ha lett treningstøy med. Hugs at yogaen føregår "på land", og at det er deilige 31 grader i lufta. Etter yogaen dusjar me og trekker om til badetøy for resten av kvelden.

 

TERAPEUTANE

Veronica Warhaug - Magnolia Helse.
Anita Erfjord Eilertsen - Naturmedisinsk Aromaterapeut.
Oddbjørg Lovra - Livs-glede.



* Ønskjer du ikkje å vera med på yoga, kan du kosa deg i terapibassenget, boblebadet og badstova imens.

0