21/03/2024
Sommarjobb - badevert
Me treng deg som har lyst til å vera ein del av teamet vårt i sommar. Over eller under 18 år: Ja takk, begge deler!
Søknadsfrist: Fortløpande.
KVEN:
Ungdom og vaksne
NÅR:
Juli og halve august
INTERESSERT?
Send epost til post@suldal-bad.no
Som badevert får du ei viktig rolle med å gjera Suldal Bad til eit attraktivt tilbod i kommunen vår og bidra til å skapa eit positivt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og vil rullera mellom badevakt, skranke/kiosk, reinhald og å leia eit skift. Du må også kunne trø til som seljar, administrator og som teknikar når det er behov. I sommar vil du jobba i turnus etter oppsett plan.
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Evne og vilje til å ta livredningskurs (dersom du ikkje allereie har det)
- Kundebehandling og resepsjon
- Instruksjon i svømming og vannaktivitetar
- Fleksibel innstilling til arbeidsoppgåver og arbeidstid
- Positiv og stå-på-vilje
- Sjølvstendig
Tilsetjing basert på intervju og at ein består livredingsprøven elller har gyldig livredningsbevis. Lønn etter tariffavtale. .