Fasilitetar

Eit badeland for gode opplevingar

Suldal Bad har mange gode opplevingar å tilby deg. Me har fleire basseng og ei rekke andre fasilitetar som ligg samla i eit stort rom. Hjå oss får du utsikt til både basseng og natur, fjord og fjell.

Hovudbasseng

Hovudbassenget er 25 x 12, 5 meter. Dette bassenget har 6 symjebanar og ein temperatur på 28 grader. 

Barnebasseng

Vårt barnebasseng har ein temperatur på 34 grader. Bassenget er frå 15 cm på det grunnaste til 30 cm på det djupaste. Bassenget har ei fontene og ei flyttbar sklie. Ein behageleg plass der våre minste gjester kan leika og ha det moro.

Sklier / klatrevegg / stupetårn

Me har ei 65 meter lang sklie som går igjennom rommet og sluttar i eit lite landingsbasseng. 
Denne sklia har tidtaking. Ein 3 meter høg og 2,6 meter brei klatrevegg er installert langs hovudbassenget. Du dett i bassenget når du ikkje vil/kan halda deg i klatreveggen lenger. 
 
Stupetårnet har følgjande avsatsar:

  • Sviktbrett i høgde 1 meter og 3 meter 
  • Fast stupeplattform i høgde 3 meter og 5 meter

Badstove

Mellom terapibassenget og hovudbassenget finn du ei badstove. Badstova er felles for alle (men små barn vert fraråda til å nyta badstova). Badetøy er påbode. I badstova vil temperaturen vera på 80-90 grader. Ikkje sitt for lenge. Bruk av badstova er på eige ansvar. Alle må spyla seg både før og etter å ha vore i badstova.  Då kan ein bruka den felles dusjen som står rett utanfor badstova. 

Velværeavdeling

Vår velværeavdeling blir bruka til fleire aktivitetar: symjeopplæring, trening for revmatikarar eller for dei som bare vil nyta varmt vatn, massasje, ro og utsikt.

Terapibadet

I vår velværeavdeling er det eit terapibasseng som held ein temperatur på 34 grader. Bassenget er 0,9 m på det grunnaste og 1,5 m på det djupaste. I tillegg til rullestolrampe har terapibadet massasjedyser, motstandsstraum og sittebenkar.

Boblebad

Ute i det fri har me eit boblebad med plass til 8 personar. Her kan du ta ein pause frå kvardagen og berre nyta den flotte utsikta og det 38 grader varme vatnet. Her er det ikkje så lurt å sitta så lenge, så maks 10 min om gongen.

WIBIT

Wibit er ei 20 meter lang hinderbane der ein kan leike, springe, klatre og hoppe. Hinderbanen gir muligheit  for å kunna trena balanse, koordinasjon og for motoriske utfordringar.  Wibit ligg ikkje alltid ute, så følg med på vår facebook side eller ta kontakt om du lurer på kva tid den ligg ute. Me legg ut wibiten annakvar helg (partalsveker i 2023).

HC Garderobe

Suldal Bad har familiegarderobe med dusj og WC som er tilpassa rullestolbrukerar. I tillegg har me hjelpemidler som våtsone rullestol, dusj- og toalettstol m/ tilt, mobil personheis, ståheis og stellebenk. Har du behov for nokre av desse hjelpemidla kan du ta kontakt på førehand så vil me gjera alt klart til du kjem.  

Swimtag

Swimtag er eit enkelt system som kan brukast av alle som kan svømma. Det er motiverande, noko som gjer at fleire vel å bruka svømming som trening og som ein aktivitetsform.
Gjennom ulike funksjonar i systemet vil du som gjest hos oss kunna ta del i premierte utfordringar, konkurransar (du vel sjøl om du ønsker å konkurrera med andre eller kun mot deg sjøl) treningsprogram, statistikkar som lengdetider, og antall lengder 

Bruk: For å koma i gong med Swimtag, treng du kun eit Swimtagkort. Dette kortet, som blir ditt personlege kort, kan du spørja etter i vår resepsjon. Ved å scanne kortet tar du det armbandet fra tårnet som blinkar grønt. Etter at du har retunert armbandet  til tårnet vert dine svømmedata lasta opp til din brukarprofil. Dette kan du sjekke på www.swimtag.no. eller Swimtag gratis APP. Du må ta med deg Swimtagkortet ditt kvar gong du har tenkt å bruke Swimtag. ( Ditt Swimtagkort kan brukast i alle andre hallar der Swimtag er installert World Wide )

Swimtag bruker du i vårt 25 meter basseng og i 2 av banane her kan du kunne sjå alle dine antall lengder "live". Då tar du handa med armbandet opp mot den blå skjerm-boksen som står ved bassengkanten

Du registrere din profil ETTER at du har svømt 1. gong. Gå inn på www.swimtag.no og følg stega

 

 

.

I tillegg til å kunna delta på konkurransar og utfordringar, tar systemet opp alt av statistikkar. Distanse pr tak, kaloriforbruk, lengdetider, antall lengder mm. Swimtag tar automatisk opp kva for svømmeteknikk du brukar.

Du kan bruka Swimtag i alle svømmebanane i vårt 25 meters basseng. I 2 av desse banane kan du sjå dine antall lengder "live". då tar du handa med armbandet opp mot den blå skjermboksen som står på kanten av bassenget.