Swimtag er eit gratis tilbod og er eit system som kan brukast av alle som kan svømme. Swimtag er motiverande og gjer at fleire brukar svømming som trening. Gjennom ulike funksjonar i systemet vil du som gjest hos oss kunna ta del i premierte utfordringar, treningsprogram, statistikkar og konkurransar som gir deg fleire moglegheiter. Du kan konkurrera mot deg sjølv eller mot andre, eller kun bruka statistikken for å forbetre ditt eige nivå.
Slik gjer du:
Suldal Bad tilbyr gratis svømmeopplæring for barnehagebarn med midlar frå fylkesmannen. Målet er å trygge i og ved vatn slik at barnas svømmeferdigheiter blir betre. Kurset går over 1 time pr. veke i 7 veker.
Me har til no gjennomført svømmeopplæring for over 100 barn frå barnehagane i Suldalkommune og har fått mange positive tilbakemeldingar frå både barnehagane og frå foreldre av barn som har deltatt.
Me håpar dette er av interesse av så mange barnehagar som mogleg.
Målgruppe: Barnehagebarn frå 4-6 år frå barnehagar i Suldal kommune.
Varighet: 1 time pr. veke i 7 veker.
Instruktørar: Suldal Bad gjennomfører undervisning med instruktør og badevert som under heile undervisningstimen er i bassenget saman med barna.
Transport: Barnehagen må sjølv planlegga og betala transport til og frå Suldal Bad.
Bemanning: Barnehagen må ha med seg vaksne som har ansvar for å hjelpa barn inne i garderobe og på toalett.
Utstyr: Barn må ha med seg badedrakt/bukse, badehette (lurt så ein slepp hårvask) og handklede.