Bursdag i badeland

Barneselskap

Kva med å ha bursdagsselskap i Suldals eige badeland! Me kan tilby barnebursdag tysdag, onsdag eller torsdag i Suldal Bad sine opningstider, men ikkje i skuleferiar eller ved heilagdagar.

Når maten er avslutta og selskapets deltakerar ynskjer å bade vil dei vera badegjester på like vilkår som andre badegjester. Dei vaksne som er med barneselskapet har då ansvaret for barna.

Det er høve til å ta med kake sjølv. 

Barneselskap for barn under 12 år: Her må de ha ein badande vaksen med per 3 barn. 
 
NB! Det er ingen rabatt for barn som har årskort, då dette er ein pakkepris. Ein vaksen pr. 3. barn kjem inn gratis. Er det fleire vaksne, må dei løyse billett som vanleg enten om dei kjøper enkelt billett eller bruker årskort/klippekort. 

Prisar

Ved bestilling av barneselskap er prisen 235,- pr. barn. De betalar når de kjem. Då får alle kvart sitt armband med badebillett. Prisen inkluderer: 

  • Badebillett
  • 1 stk. panini eller to pølser pr. barn (berre til barn)
  • Slurp eller juice
  • Enkel pynting, dekking og rydding av bord. Me reknar ein badevert til selskapet i totalt 2 timar (inkl. forbereding, bevertning og rydding) 
  • TILLEGG: Kr 35,- pr. softis (om ein ynskjer)