23/01/2025
SVØMMESKULE 2025
Svømmeskule for barn fødde i 2019 og for 1. - 6. trinn
Torsdagar 13. og 20. februar. 13. 20. og 27. mars
For dei yngste vil det vera fokus på vanntilvenning, medan det for dei eldste vil vera fokus på framdrift og dei 4 svømmestilane, samt vasspolo, stup og livredning.
Me introdusere crawl og ryggcrawl som første svømmeteknikkar.
Svømmeskulen er over 5 gonger med 60 min i bassenget ( 45 min for dei yngste)
Klokkeslett:
Dei yngste, fødde i 2019 kl 17.00 - 18.00 ( Maks 12 plassar)
1. - 6. klasse kl 18.00 - 19.00
Dei yngste må ha følge av ein vaksen om dei treng hjelp i garderoben eller om dei er utrygge ved å vere åleine. Den vaksne skal ikkje vere med i bassenget men held seg då i området / cafe og er tilgjengeleg om det er behov.
Instruktørane vil å ha tilsyn i garderobane men foreldre må hjelpa barnet med dusj og omkledning ved behov.
Dette betyr at terapibassenget vil bli stengt og 25 m bassenget blir ope mellom kl 16 og 18 dei torsdagar det er svømmeskule.
Badstove og boblebad er ope som vanleg