VIL DU JOBBE HJÅ OSS?

Me søkjer både vikarar og fast helgestilling

 Vil du ta del i eit team av entusiastiske og fleksible medarbeidarar og er du eit JA-menneske, vil me gjerne ha deg med på laget.

Arbeidsoppgåvene er varierte, og vil rullera mellom badevakt, skranke/kiosk og reinhald. Stillingane vil ha arbeidstid både dag og helg etter ein oppsett arbeidsplan.

Me søkjer nå etter
- teamleiarar for badevertar (over 18 år)
- badevertar (over 18 år),
- assisterande badevertar (over 16 år)
- billettørar (over 15 år)

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar for alle stillingar:
• Livredningskurs (om du ikkje har, må du vera villig og ha føresetnader til å ta dette)
• Kundebehandling og resepsjon
• Fleksibel innstilling til arbeidsoppgåver og arbeidstid
• Positiv og stå-på-vilje
• Sjølvstendig

Som teamleiar har du også desse oppgåver –
• Første linja for beredskap og for førebyggande arbeid i sikkerheit
• Syte for at rutinar på vakta blir overheldt
• Ansvar for fordeling av arbeidsoppgåver til dei andre på vakta
• Å kunne avgjerda


Tilsetting blir basert på intervju og at ein består livredingsprøven/har gyldig livredningsbevis.
Lønn etter tariffavtale.

Har du spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med leiar for Suldal Bad Publikum AS, Tord Kjerstad, 476 80 436. Søknaden sender du til post@suldal-bad.no og med kopi til resepsjon@suldal-bad.no.

0